start - om tafjord - fiberutbygging(ny) - tafjordfondet(ny) - tafjordvisa - bilder

tafjord i 360 - webkamera - tilbud - om portalen - english


Om Tafjord

Forfatter og historiker Astor Furseth har på oppdrag fra Tafjordportalen skrevet følgende om Tafjords historie:


Tafjord    Eldst i Noreg?    Fundergata    Isolasjonen sluttar
  Bli lys!    Tafjordulykka    Badeliv    Botanikk
Museum    Skattar i fjella    Gjerdeløa    Galerie Tafjord

 

TafjordbygdaTafjord er den bygda som ligg lengst aust på Sunnmøre. Frå bygdesentret går ein dal vidare austover. Det mektige Storfjellet deler dette dalføret til Rødal og Kaldhusdal der det tidlegare låg mange gardar. Busetnaden i Tafjord er svært gammal. Særleg har fjellområda rike på spor etter gammal veidekultur. Så langt attende vi kan følgje historia får vi inntrykk av eit levande bygdesamfunn med om lag 200 fastbuande. I dag bur her 160.
Til toppen

Eldst i Noreg?
Det finst eit styrtfangst-anlegg oppe i fjellet mellom Kallskaret og Herdalsvatnet der fangstfolk i gammal tid kunne drive reinflokkar utfor fjellet. Her har fangstmennene bygd ein 300 m lang mur som enda på kanten av eit stup. Dette er eit eineståande byggverk, og må vere særs gammalt fordi det kan ikkje forklarast på annan måte enn at dalen den gongen delvis var fylt med is, noko som tyder på ein alder på 13 000 år eller eldre! Andre funn peiker i same lei.
Til toppen

FundergataFundergata
Den eldste delen har ein særprega "landsbystruktur" kring Fundergata. Der står att mange kyrkjebuer. Før i tida vart desse brukt av folk som budde opp i fjelldalane, her skifte dei til kyrkjeklede og åt nista si før dei rodde den lange vegen til og frå Dale kyrkje. Namnet skriv seg frå den gongen det vart drive handel, m.a. med firmaet Christian Funder i København som sende Cognac på eikefat. Fjøler med firma-namnet på vart liggjande å slenge, og slik kom det til å heite Fundergata.
Til toppen

Isolasjonen sluttar
Før vegen og tunnelane kom i 1982, var dette ei svært isolert bygd, særleg om vinteren då fjordisen la seg, ofte ut til Sylte. Men staden vart oppdaga av omverda lenge før det. På 1800-talet vart fjellturar meir og meir populært og i Tafjordfjella fann fotturistane eit eldorado. Ikkje minst har Ålesund og Sunnmøre Turistforening, stifta i 1889, gjort mykje for å "opne" Tafjordfjella for friluftsfolk, ved å merke stigar med den raude T-en og byggje overnattingshytter. Tafjordfjella kjem inn under nasjonalplanen for den planlagde Reinheimen nasjonalpark og landskapsvernområde
Til toppen

ZakariasdemningaBli lys!
To hendingar på 1900-talet har sett sterke merke etter seg i bygda. Den først var anleggstida. Elvane, fossefalla og alle vatna i Tafjordfjella gav grunnlag for elektrisitetsproduksjon. 12 kommunar slo seg saman for å utnytte dette då dei i 1917 skipa Tafjord Kraftselskap. Med åra er det blitt mange utbyggingssteg. Mykje av anlegga er usynlege inne i fjellet. Mest synleg og ruvande er Zakariasdemninga på 95 meter som er ei av Europas høgste betongdemningar. Den samla årsproduksjon er over 1 milliard kWh og dette gir kraftforsyning til næringsliv og husstandar i eit området med folketal på 75 000.
Kraftproduksjonen gir i dag 30 arbeidsplassar i Tafjord, og elles har kraftselskapet fått stor økonomisk tyding for heile Norddal kommune.
Til toppen

Tafjordulykka
Den neste skjedde i 1934. Tafjord er mest kjend for ein av Noregs største naturkatastrofar. Ein sprekk utvida seg stadig i Langhammaren på nordsida av fjorden, og natt til 7. april i 1934 rasa Langhammaren ut frå 730 meters høgd, tok med seg Heggurda under, og 3 millionar m3 masse trefte fjorden og laga flodbølgjer opp til 64 m i høgd. Tre gonger slo bårene mot strendene, og 23 personar i Tafjord og 17 i Fjørå let liv, samt store materielle øydeleggingar ved at alle hus, vegar, bruer, båtar, kaier vart vaska vekk. Flodbølgjene som slo meir enn 200 meter innover land somme stader, var merkbare 10 mil unna.
Det finst nesten ingen spor etter flodbølgjene i dag, men sjølve ulykka kom til å prege alt folket her. Uhygga frå denne katastrofenatta sit enno att i sinnet. Ved kaia og Haugsteinen (der 6 menneske berga seg) er reist ei minnetavle.
Til toppen

Badeliv
Om sommaren er det ei hektisk tid, med båthamn, campingliv, og særleg dreg det store friluftsbadet mykje folk. Dette er eit oppvarma 25 meters friluftsbasseng, samt eit plaskebasseng for dei små.
Til toppen

Botanikk
I Reindalen ligg Daurmålshaugane som av fagfolk nærmast ser på som eit av Noregs største botaniske skattkammer. Av sjeldne plantar kan nemnast: Reinrose, blåmjelt, rabbestar og flekkmure og sjeldne fjellplantar elles. I Muldalsvika er den uvanleg frodige edellauvskogen truleg av den mest verneverdige i fylket. Sjeldan er også planten Lerkespore som veks i Tafjord, noko som er årsak til at Tafjord er ein av dei to stadane i heile Noreg der ein kan observere den truga sommarfuglen Mnemosyne.
Til toppen

MuseumTafjord kraftmuseum
Tafjord Kraftselskap har omdanna sin første kraftstasjon til kraftmuseum som i dag er open for besøk. Tusenvis er innom denne gamle stasjonen kvart år. Langt oppe i høgfjellet finn ein også Anleggsmuseet i Veltdalen, der ein i 1925 hadde ein leir med bustadbrakke, smie og dynamittlager. Her oppe finn ein også Fieldfarehytta, eit krypinn nytta av Kompani Linge til sabotasjeaksjonar under krigen.
Til toppen

Skattar i fjella
I Gimdalen innanfor Tafjordbygda skulle det ha vore busetnad, og bonden på garden var ein dag på tinget og svor rang eid, og då han kom heim hadde fjellskred teke garden. Det blir sagt at det skal vere ein skatt i Gimdalsura, og mange har grave etter han.
Men fjellgrunnen i Tafjord ber elles andre forvitneleg trekk med seg, og er eit eventyrrike for steininteresserte. Det vakraste berget finst nok ved Kallskaret. Der er eit stort eklogittfelt freda som Kallskaret naturreservat. Dette er ein grøn eller okerfarga steinslag med sjeldsynt fine, raude granatkrystallar i. Det er blitt gjort funn av fleire lokale edelmineralar, til dømes peridot, tulitt og barytt.
At fjella her ber rikdom i seg er ingen ny tanke. Det har vore bergverksdrift fleire stader. Frå 1870-åra vart det forsøksdrift av jernmalm i Kvithammaren i Tafjord. Ein bygde kai og taubane opp til førekomsten av titanjern som korte linser i raudstripa gneis. Også oppe i Øyna i Rødalen kom det seinare til drift av jernmalm i tida rett før 1. verdskrigen.
Dei store førekomstane av olivin har ført til prøveuttak, og i olivinfeltet mellom Kallskaret og Onilsavatnet i Tafjord har det vore verksemd ei stund i 1970-åra. Det er også nye i planar om ny større drift av olivin frå felta sør for Onilsavatnet.
Til toppen

Gjerdeløa
Marianne Heske, ein av dei mest kjende kunstnarane i Noreg, budde lenge i Tafjord og held framleis kontakt med bygda. Ein stor del av hennar kunst ber preg av fjella og skredhendingane her inne. Ho er kjent m.a. for i 1980 å ha flytta Gjerdeløa i Øyna til Pompidousenteret i Paris, også tilbake, for høyløa står i oppe i dalen den dag i dag. Seinare flytta ho ein 16 tonn olivinstein frå Onilsavatnet til Venezia.
Til toppen

Galerie Tafjord
Bygda er blitt sentrum for nyare skredgranskingar. Geologane har sannsynleggjort at sjølve bygda ligg på lausmassane til eit enormt rasområde. Dei enorme olivinførekomstane er kome fram i dagen ved eit kjempestort fjellskred frå Kallskaret for 3000 år sidan. Dette er eitt av Europas største fjellskred i historisk tid, med volum meir enn 100 gonger større enn det som årsaka Tafjordulukka.
Dei mange store skredkatastrofane i området har aktualisert eit senter som vil bli eineståande i sitt slag i Europa. Med utgangspunkt i Tafjordulykka vil ein få fram ein dokumentasjon av skredkatastrofar gjennom tidene, også informasjon om nyare sprekkar i fjella og korleis desse bli følgt med i våre dagar. Det kjende arkitektfirmaet Snøhetta har laga fantastiske planar om ein enorm glasbjelke over Zakariasjuvet som skal romme utstillingar om skred, samt kunsten til Marianne Heske og om elektrisk kraftproduksjon.
Til toppen